|

Denne veka låg Borgund tom og forlatt. Folk var reist til fjells. Ingen sure miner, ikkje så veldig solbrente fjes heller. Men sola skein kvar dag frå skyfri himmel.
Av red
Publisert 19/02/2010
Folk baska seg veg gjennom laussnø ned fjellsidene. Somme surfa gjennom velpreparerte løyper. Det var flusst av langrennski i bruk. Brett, slalom, kjelke, telemark, twintip, fjellski og sikkert mange fleire variantar av moderne snø-framkomstmiddel.
Lett å forstå at vi sette spor etter oss overalt i terrenget. Ikkje mykje å klage på, altså, og ikkje overvettes store skadar heller.
No er det velfortent vinterferie. Og så er det turar til verdens ende. Men det skal reisebloggane få fortelje om. Fylg med, fylg med.
|