|

Alle byar med respekt for seg sjøl, har utdanningsmesse denne årstida. Sesongen er i slutten av januar og starten på februar. Og Borg er med.
Av redaksjonen
Publisert 02/02/2010
Sist veke var tusenvis av ungdomar frå vidaregåande skular i Bergen, Hordaland og Sogn på besøk på utdanningsmessa på Arenum midt i hjartet av byen. Borg-elevar jobba. Dei strålte og var så fornøgde som erfarne borgarar der dei delte ut flygeblad og katalogar og leverte suverene argument for å velge akkurat denne folkehøgskolen.
Kan eit år vere betre enn på sjølvaste Reiseskolen?
Denne veka står Trondheim for tur. Det må bli både hordalendingar og trøndarar i internatet og klasseroma på Borg neste år.
Og allereie har 200 søkjarar meldt seg for skoleåret 2010 - 2011.
|