|

Dei var ganske overrumpla, men tok det fint. Elevane fekk gløgg og adventsstemning på kjøpet her tidleg ein morgon. Morgengretne folk vart med eitt gløgge.
Av red
Publisert 16/12/2009
På folkehøgskole er det stadig tid for overraskingar. I adventstida rullar det på med både engleveke, gåvekalendar, lussekattar og kåringar i lange baner. Denne morgon-gløgg-serveringa får stå som symbol på litt av alt det fantasirike som skjer.
Og det hjelper med julesongar også. Det gjer stemninga komplett.
|