| Fullt til randen |
| 102 NYE BORGARAR |
|

Eit tresifra tal nye innbyggarar har installert seg i Borg-internatet. For to veker sidan var det vakker og stilig opningshelg i beste haust-vér. Og no har også reisinga begynt.
Heile kompaniet drog til fjells alt andre dagen på skulen. Så drog alle klassene på kvar sin overnattingstur. Og no går det slag i slag med Slogen, øyhopping, Geiranger-tur mmm.
Den første usikre roa i internatgangane, er bytt ut med venskapleg chatting mellom nye bekjente. Vaskekjellar, klasserom og miljørom er alt blitt heimekjende.
Alt teiknar til eit spennande Borg-år.
Publisert 02/09/2010
Les hele saken
|
| |
| Borg til topps |
| VI SLO GOLIAT 1564 |
|

Denne veka gjorde 53 borgarar alle pessimistar til statistar. Med Davids kamp mot Goliat som referanse, slo vi til mot kjempa og vann. Vi gjorde Goliat til symbol for alle kjemper vi må nedkjempe i livet, og David til vår helt. Denne gongen stod slaget om Slogen. Neste gong ein heilt annan stad.
Med Johnny (S)logen og optimistiske vermeldingar på høgtalaren dampa vi opp Habostaddalen, inntok Patchellhytta, dreiv skodda tilbake og strekte hendene i véret 1564 meter over havet med loddrett utsikt nedover til alle kantar.
Det er ubeskriveleg å oppleve dei som verkeleg kjempa med høgdeskrekk, mjølkesyre og liten sjøltillit som fjellovervinnarar. Det lyste siger i mange auge. Og utruleg deileg å kome ned til karbis og lassevis med pastasaus.
Publisert 02/09/2010
Les hele saken
|
| |
| Nytt år, ny start, nye fjes |
| SJÅ DEI FOLKA ! |
|

Denne veka ramlar det inn over 100 nye borgarar. Frå alle himmelretningar dukkar dei opp. Men velkomstkomiteen er klar. Guri, Britt-Iren, Marte og Bodil er årets stipendiatar (miljøarbeidar). Notér dei namna og fjesa like godt med det same.
Publisert 20/08/2010
Les hele saken
|
| |
| En gang BORGer, alltid BORGer! |
| TAKK FOR OSS! |
|

Så er tiden på BORG over for oss.
Kontorene er ryddet og rektor har sagt siste ord. Vi ser tilbake på fire travle, men fantastiske år her på folkehøyskolen. Det har vært fire år fulle av LIV.
Publisert 07/07/2010
Les hele saken
|
| |
| Farvel for i år |
| SISTE ORD ER SAGT |
|

Borg-kullet 2010 er historie. Sist fredag forsvant sist kofferten og siste søppelsekken ut i siste ventande pappa-/mamma-bil, og freden senka seg over internatet.
Publisert 20/05/2010
Les hele saken
|
| |
| Stars på Borg |
| GRAND PRIX 2010 |
|

Tradisjonen tro ble det også i år avholdt Grand Prix i gymsalen på Borg. Folk hadde kommet fra fjern og nær for å vise fram sine talenter og ferdigheter.
Publisert 11/05/2010
Les hele saken
|
| |
|
|